Line Starheimsæter

Line Starheimsæter (f.1985) er skodespelar og scenekunstner. Ho har ein bachelor i skuespillerfag frå Høgskolen i Nord-Trøndelag (Nord universitet), og ein master frå Teaterhøgskolen (KhiO). Ho har mellom anna arbeidd for Teatret Vårt, Teater Ibsen og Rogaland teater, i tillegg til å lage eigne prosjekt. Eitt av desse, er den audiovisuelle ungdomsforestillinga Reven og Ulven (Kristinsdottir/Andreassen & Starheimsæter), som hadde premiere i 2017.

Hausten 2018 arbeider ho med Naboen, i samarbeid med Oda Aunan.  Naboen er eit sight-spesific og dokumentarisk prosjekt som vil ta form som ein audioguida tur mellom ti utandørs verkelegheitsinstallasjoner (spesielle stader) i Gamlebyen. Premiera er i mai 2019.

Line er medlem av Klokkeklovnene, som spesialiserer seg på klovning for demente: http://www.klokkeklovnene.no/

Kontakt Line på: l.starheimsaeter@gmail.com